Heim

  Om Lauge

  Historie

  Styret

  Bilete

  Dugnad

  Arkiv

  Forum



  Kart

  Admin
Om Lauge

Lauge er eit lokale i samfunnshuset på Granlund i Auklandshamn, og er staden der Auklandshamn Ungdomslag held til. Det er ein stad ungdommen kan samlast, og er som regel opent kvar dag, heile dagen. Dei som held til her er ungdommane i bygda, men og ungdommar frå utbreidde stader i Sveio kommune, frå Valevåg, Tittelsnes, Førde, Haukås og Sveio. Sommaren 2005 vart Lauge pussa opp, og oppussingsfilmen skal snart vere mogleg å sjå på nettstaden vår.

Namnet Lauge er eit par gonger blitt kritisert fordi det manglar ein "t" på slutten for å vere eit substantiv. Utan denne t-en er lauge eit verb som tyder å vaska, men det er nettopp her namnet har sitt opphav. Namnet til ungdomslaget vart til ein somarsdag for fleire år sidan då medlema av ungdomslaget var å vaska seg.

Lauge er ein veldig fin stad der du kan slappe av og prate. Det er mykje sitjeplassar i form av sofaar og stolar. Musikk er heile tida tilgjengelig, og du kan også sjå film på storskjerm. Er du av den godtesjuke, har me kiosk med rimelige prisar på Coca Cola, chips, sjokolade og mykje meir. Det er elles alltid noko å finne på Lauge, og det hender ofte at me dreg på utflukter ut til holmar, fjellet eller byen.

På denne nettstaden ønskjer me å halde deg oppdatert om det som skjer på Lauge, slik at du ikkje går glipp av arrangement, turar, festar og andre høgdepunkt


Vedtekter for Auklandshamn Ungdomslag, januar 2007


Design: Roy Kenneth S. Jacobsen
Alt innhald og grafikk er beskytta i høve til norsk lov om opphavsrett.