![]() |
||||||
| Heim Om Lauge Historie Styret Bilete Dugnad Arkiv Kart Admin |
||||||
|
Loppemarknaden 2006 02.09.06
![]() Første laurdagen i september var det noko ein gong duka for loppemarknad. Samfunnshuset på Granlund var staden for bygdefolk som elska lopper, kafé og ertesuppe. Klokka ti opna ungdomslaget dørene for lange køar med eldre og yngre bygdefolk, og det tok ikkje lang tid før heile lokalet var fullt av loppeelskarar. Både store og små, kjende og ukjende frå bygda og utante kom for sjå kva som var å finne av lopper. På loppemenyen var bl.a gamle PC-skjermar, TV-ar, akvarium, stereoannlegg, lampar, dukar, kjøkkenutstyr, sofaer og stolar. I tillegg til lopper var det som vanleg open kafé med sal av den fantastiske ertesuppa, kaker, kaffe, chips og brus. I inngangsdøra var det snop- og pølsebod, og utanføre var det Tombola med flotte gevinstar. Klokka 12 var det auksjon av både det eine og det andre, frå flotte kommodar og malerier til gitar og verktykassar. Etter auksjonen gjekk alt til halvpris og posepris. Klokka 14 var det heile slutt, sjølv om det var eit par bygdefolk som tok ein siste runde for å fylle opp i poser og sekk. Det var tjukt med folk som tok turen til den årelege loppemarknaden, og bilane stod parkerte langt bort til gamle skulen. Årets loppemarknad gjekk svært godt og med ei godt overskot. Sigurd kokte kaffe, og Kristian syns lopper er betre enn sex! |
||||||
|
Design: Roy Kenneth S. Jacobsen Alt innhald og grafikk er beskytta i høve til norsk lov om opphavsrett. |
||||||